Våre Vinkurs

Dersom ein ynskjer å heve kompetansen på vin eller drikke, så er vi dei ein spør. Vi skreddersyr kurs etter det du måtte ynskje. Samstundes har vi eit bibliotek av kurs som allereie finst. At vi skal klare å finne eit kurs som passar for deg og di gruppe er vi visse om. Ta kontakt med oss så tek vi ein prat om kva dykk ynskjer og kva vi kan tilby.

For bedrifter og restaurantar er vi av dei få i regionen som kan gå inn å rydde opp i ditt vinkart. Er du oppgjeve over franske namn og tyske vinlover så kan vi setja opp ein vinmeny som passar din mat og di oppleving og gje dine ansette kurs i det ein treng for å formidle og servere vin på ein god måte. Vi trur at det er nøkkelen for ei god gastronomisk oppleving.

Under vil ei oversikt over dei mest populære kursa fylgje. Mange vil ofte nytta seg av dei allereie ferdige kursa, men det er like spanande for oss å lage eit heilt nytt kurs for deg og di gruppe. Det viktigaste for oss er at du lærer noko nytt.

Vinkurs

 
125420104_425635375488499_7405285601460675795_o.jpg

Digital smaking

Nå som verda vart slik ho vart har vi lyst til å gjera noko triveleg. Bli gjerne med oss på Zoom smaking. Det er eit lågterskeltilbud som alle kan være med på. Det fungerar slik at du kjøper tilvist vin på Vinmonopolet, og koplar deg opp til oss og produsenten gjennom plattforma Zoom. Der er det lettbeint og triveleg prat om vin og mykje anna med oss og produsenten. Kontakt oss for å få vite når neste smaking er.

Germany_Church_Rivers_Vineyard_Trier_Mosel_589163_1920x1080.jpg

Ditt kurs

Vi kan gje deg vinkurs i akkurat det du vil! Kontakt oss for å finne det som passar nett for deg og di gruppe.

 

Biodynamisk agrokultur

Biodynamisk vindyrking er eit stort og viktig tema. I dette kurset tek vi for oss alt frå spirane til Steiner-filosofien og til praktisk og teoretisk funksjon i vindyrking. Vi testar mange biodynamisk-sertifiserte vinar, og forsøker å svare på kvifor dei aller fleste topp-produsentar i verda produserer biodynamisk.

Telmo Rodriguez_001.jpg

Emerging Spain

Emerging Spain er eit vinkurs med hovudvekt på det nye framveksande spania. Her lærer du om spansk vinlov og tradisjonellvindyrking sett i kontrast til nye spanande produsentar som Telmo Rodriguez. Kurset tek to timar og du får smake og analysere fleire spanske vinar saman med oss.

 

Verdas musserande vinar

Detter er eit kurs om dei musserande vinane i verda. Her er vi innom alt mellom tradisjonelle Champagne, til nye spanande musserande vinar frå Sussex i England. Her er det både ei innføring i metodane ein produserar musserande på, samstundes som vi sjølvsagt smaker på mange musserande variantar. Dette er eit kurs der du som deltakar vil gjera nye oppdagingar på vinfronten.

image.jpg

Tysk vinlov og tyske vinar

Tyskland er eit land av reglar. Her er det system og orden på det meste, også på vin. Her lærer du til dømes kva ein kabinett, ein spätlese og ein auslese er, samtidig som du får smake på noko av det mest spanande Tyskland har å tilby om dagen.

 
image.jpg

Verdens dyreste druesorter

Er dei dyre vinane verdt det? Kvifor er dei så dyre? Korleis kan dei lage vinar av same druesort på nesten same stad som er mykje billegare? Alt dette og mykje meir skal vi forklare deg i løpet av dette kurset. Vi gjev deg også gode tips til dei billegare alternativa.