Vår historie

 

Ein brå men brennande lidenskap har teke oss begge med inn i ei vid verd av smaker, aromaer og gastronomiske augneblink. Vi gler oss til kvart møte med denne verda.

Even byrja fyrst. Even har jobba lenge i bransjen, og har mykje erfaring. Han tok vinkelnerutdanning i 2014. Nokre år seinare vert Even og Torstein kjende gjennom arbeid i landet som heiter Brimiland. Interessa voks og voks på dei begge. Even som allereie da var utdanna sommelier fekk ei naturleg rolle som læremeister. Saman utfordra dei kvarandre. Slik er dei komen dit dei er i dag. No eig dei Den Lykkelige Rype saman, og bruker mykje tid i lag, både utanfor og innanfor arbeidstid.  

Vår draum

For kvar enkelt ynskjer vi å gje dei gode opplevingane kring vin. Vi vil gje deg eit innblikk i alt det spanande, og kanskje slå i nokre gnistar hjå deg. Samtidig ynskjer vi å heve kompetanse på vin for alle våre kursdeltakarar og i regionen vår generelt. Vi trur at det ligg mange store opplevingar i god vin. Anten det er Champagne på ein fjelltopp der du verkeleg fortener det, eller det er dei gode men enkle mat- og vinkombinasjonane som ein alltid går å leiter etter. Når alt kjem til alt er det den gode kjensla og dei spanande inntrykka vi er ute etter.

Vår draum er å gje deg dei gode kjenslane og spanande opplevingane med vin